Blessing Okagbare
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Blessing Oghnewresem Okagbare (fødd 9. oktober 1988) er ein nigeriansk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i sprintløp og lengdehopp. Ho tok OL-bronse i lengdehopp i 2008 og sikra seg VM-sølv i øvinga fem år seinare. Okagbare fekk då også bronsemedaljen på 200 meter. Dopingdømt.
Remove ads
Aktiv
Okagbare vart nummer tre i lengdetevlinga under Sommar-OL 2008, andreplassen gjekk til Tatjana Lebedeva som fekk annullert sitt resultat ni år seinare. Under verdsmeisterskapen 2013 i Moskva enda Okagbare opp med sølv i lengde, 2 centimeter bakom Brittney Reese frå USA. Fem dagar seinare sprang Okagbare inn til bronse på 200 m, på same tid som sølvmedaljør Murielle Ahouré. I 2014 sigra Okagbare både på 100 m og 200 m ved samveldeleikane i Glasgow.
Okagbare sine personbeste på 100 meter og 200 m, høvesvis 10,79 og 22,04 sekund, var i si tid afrikarekordar. 100-meterstida presterte ho i 2003, same sesongen som ho sett personleg rekord med eit lengdehopp som målte 7 meter. 22,04 oppnådde ho våren 2018 i Abilene i Texas.
Doping
Under Tokyo-OL 2021 testa Okagbare positivt i doping, det kom for ein dag at ho hadde nytta seg av veksthormonar og EPO over lengre tid. Ho vart deretter stengt ute frå idrett dei neste ti åra.
Medaljar i internasjonale meisterskap
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Blessing Okagbare» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juli 2022.
Bakgrunnsstoff
- «Blessing Okagbare» (på engelsk). Olympedia.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads