Blindern

From Wikipedia, the free encyclopedia

Blindern
Remove ads

Blindern er eit område i bydel Nordre Aker i Oslo. Stroket er hovudsakleg eit bustadsområde, men er prega av at Universitetet i Oslo har sitt sete og størsteparten av sine bygningar liggjande her.

Kjappe fakta Land, Kommune ...
Remove ads

Historie

Området har namn etter garden Blindern. Dette var ein av dei mange gamle gardane i Aker som opphavleg hadde endinga vin i namnet, og som difor gjerne vert rekna med å ha vore rydda i eldre jarnalder. Det er ikkje noko att av jordbruksareala i dette området. Garden var prestegard for Vestre Aker frå 1856. Han blei embetsbustad for biskopen i Oslo i 2000.[1]

Thumb
«Nedre Blindern 1955». Utbygginga av universitetsområdet på Blindern tok til på 1930-talet, og fyrst ute var farmasi-, kjemi- og fysikkbygningene. Øvre Blindern var framleis jorde fram til utbygginga heldt fram på 1960-talet.
Foto: Fjellanger-Widerøe/Oslo Museum

Blindern Hageby blei utvikla som villeområde frå 1920-åra.[1] Gjennom 1900-talet blei Blindern utbygd som universitetsområde for Universitetet i Oslo. Blindern studenterhjem blei reist i 1923–1925. Bygginga av det fyrste universitetsanlegget byrja i 1929 med opning i 1936. På 1960-talet blei det gjennomført ei større utbygging av området. På 2000-talet blei det også gjennomført ei stor utbygging i Forskningsparken nord og vest for Sognsvannsbanen.[1]

Meteorologisk institutt har òg ein bygning med tilhøyrande målestasjon osb. i dette området.[2] Opplysningar om vêr og temperatur i Oslo refererer difor vanlegvis til tilhøva på Blindern.

Remove ads

Transport

Blindern er namnet på ein haldeplass på T-banelina Sognsvannsbanen, som saman med haldeplassen Forskningsparken på den same lina, og trikkelina mellom sentrum og Rikshospitalet, gjer det enkelt å nå stroket og universitetet med kollektivtransport.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads