Block Buster!

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Block Buster!» (stundom oppført som «Blockbuster!») er ein song frå 1973 av Sweet. Songen er skriven av Nicky Chinn og Mike Chapman, og produsert av Phil Wainman, og var den einaste singelen deira som gjekk til topps på den britiske singellista. Songen kom ut i januar 1973 og låg fem veker på toppen av UK Singles Chart,[5] og gjekk òg til topps i Nederland, Tyskland, Austerrike og Irland, og nådde tredjeplassen i Finland, Sveits, Danmark og Noreg. Utafor Europa gjekk songen til topps i New Zealand, nådde 29. plassen i Australia og 73. plassen på amerikanske Billboard Hot 100.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen består av eit Muddy Waters-inspirert bluesriff som minner om ein song av ein annan artist som var på RCA på denne tida, David Bowie sin «The Jean Genie», som kom ut kort tid før. Alle partar meinte det var tilfeldig.[6]

Det vart kontroversar då bandet framførte songen på det britiske fjernsynsprogrammet Top of the Pops den 25. desember 1973 då bassisten Steve Priest gjekk kledd med Hitler-bart, uniform og hakekross på eit armband på armen.[7]

I 2007 vart songen nytta i filmen Hot Fuzz.

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1973), Plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads