Blodtype

From Wikipedia, the free encyclopedia

Blodtype er ein måte å klassifisere blod frå ulike individ av same art ut i frå eigenskapar ved blodcellene. Det finst i overkant av tjuge ulike blodtypesystem. Dei to viktigaste er ABO-systemet og Rhesus-faktoren. Ved blodoverføringar er det naudsynt å kontrollere at det blodet som skal tilførast er kompatibelt med blodet til pasienten. Dersom blodtypane ikkje er kompatible, kan det oppstå svært alvorlege komplikasjonar.

Ifølgje http://www.giblod.no, har vi denne prosentvise fordelinga av blodtypar i Noreg: Blodtype A: 49 %, blodtype O : 39 %, blodtype B: 8 % og blodtype AB: 4 %. Dei rhesus-positive (RhD+pos) utgjer 85 %, mens 15 % er rhesus-negative (RhD-neg).

Fordelinga av blodgrupper i ulike etniske folkegrupper kan gje ein peikepinn om historiske slektskap og migrasjonar, sjølv om alle folkegrupper både har vandra og er oppblanda med andre. Desse tala tar berre omsyn til blodtype, og ikkje rhesusfaktor. Europeiske folkegrupper blir kjenneteikna av ein særleg høg del av blodtype A, medan asiatiske folkegrupper blir karakterisert med ein høg del av blodtypane A og B. Tabellen er basert på eit utdrag av data frå nettstaden http://bloodbook.com.

Meir informasjon Folkegruppe, A ...
FolkegruppeA0BAB
Samar 632944
Portugisarar 533584
Nordmenn 503984
Sveitsarar 504073
Svenskar 4738105
Spanjolar 4738105
Danskar 4441114
Tyskarar 4341115
Finnar 4134187
Ungarar 4336165
Bulgarar 4432158
Tsjekkarar 4430189
Islendingar 3256103
Irar 3552103
Skottar 3451123
Engelskmenn 424793
Estarar 3634238
Latviarar 3732247
Russarar 3633238
Polakkar 3933209
Litauarar 3440206
Lukk

Kjelde


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.