Blokkforkasting

From Wikipedia, the free encyclopedia

Blokkforkasting
Remove ads

Blokkforkasting er landformer (fjell, åsar, ryggar osv.) som oppstår når store område av grunnfjellet vert broten opp av forkastingar slik at store delar av jordskorpa vert vertikalt forskyvd.

Thumb
Blokkforkasting i Tetonfjella

Vertikale rørsler i blokkene som oppstår, og som stundom har vippa, kan føre til høge skrentar. Desse fjella oppstår nård jordskorpa vert strekt og forlenga av spenningskrefter. Blokkforkastingane oppstår ofte i lag med riftdalar, som er ein annan indikasjon på spenningskrefter.

Dei oppløfta blokkene vert kalla blokkfjell eller horst. Mellomliggande blokker som har falle ned vert kalla graben. Desse kan danne små eller omfattande riftdalar. Dette er landskap ein kan sjå i Aust-Afrika, Vogesane, Basin and Range-området i det vestlege Nord_Amerika, sør i det sentrale New England, Rhindalen og i området kring Oslo og dei djupare delane av undergrunnen under Nordsjøen.

Thumb
Hanging Hills i Connecticut (Metacomet Ridge); oppoverretta forkasting (horst) synleg frå høgre til venstre.
Thumb
Blokkforkasting

To typar blokkfjell vert løfta og vippa. Vippa former for blokkfjell har ofte ei slakt hellande side på den eine sida og ein langt brattare skrent på andre sida. Dette er vanleg vest i Nord-Amerika. Når blokkene vert løfta i forhold til kvarandre får ein horst- og graben-terreng, som ein kan sjå i Nord-Europa. Slike fjellformer har to bratte sider på begge sider.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Fault-block mountain» frå Wikipedia på engelsk, den 25. februar 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Plummer, Charles, David McGeary og Diane Carlson. Physical Geology 8. utg. McGraw-Hill, Boston, 1999.
    • Monroe, James S. og Reed Wicander. The Changing Earth: Exploring Geology and Evolution. 2nd educational Belmont: Wadsworth Publishing Company, 1997. ISBN 0-314-09577-2 (s. 234,-8)
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads