Blyfasan
fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Blyfasan (Crossoptilon auritum) er ein asiatisk hønsefugl i fasanfamilien.[1] Han finst berre i Kina, men er vanlegast av alle øyrefasanar (Crossoptilon).
Remove ads
Utsjånad og læte

Blyfasan er ein stor fasan som kan bli opptil 98 cm lang. Fjørdrakten er karakteristisk med svart isse, raud hudflik i andletet, gule auge og forlenga øyredekkande fjører som former lange kvite duskar bak auga. Den spektakulære bøygde og lause halen med 24 forlenga blågrå fjørar er svartprikka. Kjønna er like på utsjånad, men hannen er noko større. Revirlætet til hannen består av ein serie med fire til fem hesa og harde kra.[2]
Remove ads
Utbreiing
Fuglen lever berre i skogsområde i fjelltrakter i nordlege og sentrale Kina,[1] frå austlege Qinghai austover gjennom Gansu til Indre Mongolia (Helan Shang) og sørover til vestlege Sichuan og nordaustlegaste Tibet (Danglafjella).[2]
Systematikk
Studiar viser at blyfasan er i nær slekt med sotfasan.[3][4] Han blir rekna som monotypisk, det vil seia at han ikkje blir inn delt i nokre underartar.
Levesett
Blyfasan finst i bar- og blandingsskog i fjelltrakter og dessutan blant einebuskar og snar over tregrensa. Føda består hovudsakleg av bær og plantemateriale. Fuglen hekkar mellom april og juni.[2]
Status og trugsmål
Arta har eit stort utbreiingsområde og ein stor populasjon med stabil utvikling, derfor blir han ikkje rekna for å vera utsett for nokon særskild trussel. Den internasjonale naturvernsunionen IUCN reknar arten som livskraftig (LC). [5] Ein kjenner ikkje til storleiken på heile populasjonen, men han blir skildra som vanleg.[6]
Galleri
- Egg
- Teikning av blyfasanar
- Blyfasan frå Nouvelles Archives du Muséum d'histoire Naturelle (1865)
- Illustrasjon frå Birds of Asia
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads