Bob Bogle

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Robert Lenard «Bob» Bogle (16. januar 193414. juni 2009) var eit opphavleg medlem i instrumentalgruppa The Ventures. Han og Don Wilson skipa gruppa i 1959. Bogle var først sologitarist og seinare bassist i gruppa. I 2008 vart Bogle og dei andre medlemmane i The Ventures innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Bogle var fødd nær Wagoner i Oklahoma og arbeidde som murar i California frå han var 15 år gammal. Han lærte seg å spele gitar på eiga hand og møtte Don Wilson i Seattle i 1958, dder dei arbeidde i lag på anleggsplassar. Dei skipa bandet The Versatones i lag, og dette utvikla seg til å bli The Ventures. Sologitaren til Bogle på The Ventures sin versjon av «Walk, Don't Run» i 1960, var med å forme den neste generasjonen gitaristar, som John Fogerty, Steve Miller, Joe Walsh og Stevie Ray Vaughan.[2]

Bogle døydde 75 år gammal den 14. juni 2009 av blodkreft i Vancouver i Washington.[3][4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads