Bob Dylan's Greatest Hits

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Bob Dylan's Greatest Hits er det åttande albumet til Bob DylanColumbia Records. Det nådde 10. plass i USA og 3. plass i Storbritannia og selde 5x platina i USA. Det gjer albumet til eit av hans bestseljande.

Meir informasjon -kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Greatest Hits var første albumet sidan Blonde on Blonde i mai 1966 og den kjende motorsykkelulukka hans same sommaren. Dylan hadde vore stille sidan ulukka og det var ingen nye innspelingar på veg. Columbia trong eit nytt produkt for å utnytte populariteten Dylan no hadde oppnådd.

Dette var òg den første singelsamlinga til Dylan i 1960-åra, sidan alle utanom tre songar hadde vore gjevne ut som singlar i USA.

Biletet på omslaget vart teken av Rowland Scherman på ein konsert 28. november 1965 i Washington, D.C.. Albumet fekk ein Grammy-pris i 1967 for «Beste bilete på plateomslag». Sjølv om Dylan visstnok mislikte omslaget, vart det valt ut eit liknande bilete frå Concert for Bangladesh i 1971 for Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II, ei samling som Dylan hadde langt meir kontroll over sjølv.

Albumet vart nymastra i 1997 og gjeve ut på ny. Denne utgåva inneheldt ein litt anna miks av «Positively 4th Street». I 2003 vart dette albumet gjeve ut i lag med to andre Dylan-samlingar som boksen Greatest Hits Volumes I-III.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Bob Dylan

Salslister

Meir informasjon År, Liste ...

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads