Positively 4th Street

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

«Positively 4th Street» er ein song skriven og framført av Bob Dylan, først innspelt av Dylan i New York City den 29. juli 1965.[1] Han vart gjeven ut som singel av Columbia Records den 7. september same år og nådde førsteplassen i Canada, 7. plass i USA og 8. plass i Storbritannia.[2][3][4] Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 203. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[5]

Meir informasjon B-side, Bob Dylan-kronologi ...

Songen vart gjeven ut mellom albuma Highway 61 Revisited og Blonde On Blonde, som ein oppfølgjar til hitsingelen «Like a Rolling Stone», men var ikkje med på nokre av desse albuma. Tittelen på songen finst ikkje i teksten og det har vore mykje debatt gjennom åra kven songen omhandlar. Dylan sjølv budde på 4th Street på Manhattan.[6]

Remove ads

Innspeling og utgjeving

Det endelege opptaket av «Positively 4th Street» vart spelt inn 29. juli 1965 i innspelingsperioden då dei fleste av songane til Highway 61 Revisited vart spelte inn.[7] Songen var den siste dei spelte inn denne dagen etter å ha gjort ferdig songane «It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry» og «Tombstone Blues».[1][8] Musikarane på «Positively 4th Street» var Robert Gregg (trommer), Russ Savakus (bass), Frank Owens (piano), Al Kooper (orgel) og Mike Bloomfield (gitar).[9] Songen vart nedskriven i studiologgane som «Black Dalli Rue».[10]

Sjølv om songen vart spelt inn under innspelinga av Highway 61 Revisited vart han halde av for singelutgjeving. Singelen nådde Topp 10 på salslistene på begge sider av Atlanteren.[4]

Remove ads

Andre utgåver

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Johnny Rivers, The Byrds, Jerry Garcia Band, Lucinda Williams, Charly García, Stereophonics, Violent Femmes, Simply Red og Bryan Ferry.

Norsk versjon

Ein norsk versjon kalla «Akersgata rett og slett» vart skriven av Håvard Rem og spelt inn av Åge Aleksandersen i 1997 for Fredløs - Dylan på norsk.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads