Bodega Band

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Bodega Band er eit norsk jazzorkester skipa i i Trondheim i 1929. Det er ein del av Studentersamfundets Orkester ved Studentersamfundet i Trondheim.

Kjappe fakta Aktiv, Sjanger ...

Den opphavlege sekstetten blei grunnlagd under UKA og leidd av den seinare skipsingeniøren og verftsdirektøren Johan David Behrends (1910–90) frå Bergen.[1] Besetninga var Arnfinn Hjulstad (tenorbanjo), Behrens (fiolin), Arvid Ruud (batteri), Leif Berg Jansen (trompet), Hans Sørum (piano) og Erik Müller (tenorsax).[2] Heimescena var «Bodegaen» i Studentersamfundet, men orkesteret turnerte elles ein del i landet.

Bandet hadde ein av svært få kvinnelege utøvarar i pianisten Inger Mikkelsen Røsoch (1905–1997). Bodega Band fungerte som revyorkesteret under UKA og var fram til andre verdskrigen ein hyppig gjest i Sverige. Frå 1945 var leiaren og arrangøren Ragnvald Sexe sentral i utvidinga til eit 12-manns orkester.[3] Kring 1953 var Per Dreier dirigent ei tid.[4] Etter ei tid i dvale kom det ny giv kring 1958 med dirigenten og klarinettisten Jostein Gjersvik.[5] Han hadde med seg trombonisten og den seinare musikkprofessoren Asbjørn Krokstad, og dessutan trommeslagaren Bonsak Schieldrop. Bandet utvikla en 17-manns besetning etter modell av Count Basie, og var rekna som eitt av dei fire–fem viktige storbanda i landet med standardlåtar på reportoiret.

Rundt 1971 kom pianisten og arrangøren Per Husby frå Oslo med, og var saman med akustikaren og bassisten Jan Tro frå Kirkenes sentral i ei kursendring med større innslag av eigen musikk. Dei blei hjelpte av utøvararar og komponistar som trompetisten og kjemistudenten Lars Martin Thomassen frå Molde, gitaristane Eirik Lie/Tor Halmrast og Torgeir Døssland på altsax og klarinett. Eit høgdepunkt var besøket i 1972 av den amerikanske trompetisten og instruktør Clark Terry.[a][6]

I denne perioden hadde gruppa også turné til Reykjavík (1978), konsertar på Moldejazz (1977) og Festspillene i Nord-Norge (1973), og dessutan tre plateutgjevingar med eigen musikk, på Plateselskapet, Studentersamfundet i Trondhjem (1973, 1974 og 1977). Sidan etableringa av jazzlinja på NTNU har gruppa fått eit større tilfang av utøvarar. Jarle Førde var leiar frå 1981.[7] Vigleik Storaas var leiar ei tid frå 1990, då bandet også fekke ei omorganisert form. Eldbjørg Raknes (vokal) og David Gald (tuba) har også medverka.

Remove ads

Utgjevingar

  • 1973 – Bodega Band[8]
  • 1974 – Bodega Band 2[9]
  • 1977 – Bodega Band 3[10]
  • 1987 – Bodega Band Vol. IV[11]
  • 1992 – En flik av...[12]

Representert på

  • 2003 – Aérien Voyage
  • 2005 – Footprints: Jazz in Norway vol.5: 1970-1980

Merknadar

  1. Andre musikarar på 1970-talet var Hans Petter Usterud (trompet), Øivind Owren (trompet), Johan Inge Marcussen (trompet), Liv Schou (trompet), Kjell Oversand (trompet), Jan Erik Johansen (trompet), Thor Johansson (trompet), Jarle Førde (trompet, flugelhorn), Per Gamre (trombone), Jan Ivar Bruheim (trombone), Jan Eriksen (trombone), Atle Døssland (trombone), Georg Hagen (trombone), Inge Brækhus (trombone), Trond Indergård (trombone), Rolf Olstad (trombone), Helge Førde (trombone), Tore Engstrøm (altsax, fløyte, blokkfløyte), Torgeir Døssland (altsax, klarinett), Per Kvistad Uddu (altsax, klarinett), Terje Knudsen (tenorsax), teleingeniør Nils Tro (tenorsax), den seinare jazzprofessoren John Pål Inderberg frå Steinkjer (tenorsax), Tor Ramstad (barytonsax, sopransax), Arne Linjordet (trommer), Carl Haakon Waadeland (trommer) og Knut Lauritzen (instruktør og dirigent).
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads