Bodrog
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bodrog er ei elv aust i Slovakia og nordaust i Ungarn og ei av sideelvane til Tisza. Bodrog vert danna der elvane Ondava og Latorica renn i hop nær Zemplin aust i Slovakia. Ho kryssar grensa til Ungarn nær landsbyen Felsőberecki (nær Sátoraljaújhely) i Ungarn og Streda nad Bodrogom i Slovakia, der ho dannar det lågaste punktet i Slovakia (94,3 meter over havet), og held fram gjennom det ungarske fylket Borsod-Abaúj-Zemplén. Ho munnar ut i Tisza i Tokaj. Ein by langs elva er Sárospatak i Ungarn.
Elva er 67 km lang (av dette 15 km i Slovakia og 52 km i Ungarn). Ho har eit nedslagsfelt i 13 579 km² der 972 km² er i Ungarn. Elva er rik på fisk.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Bodrog» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2007.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads