Boeing 707

From Wikipedia, the free encyclopedia

Boeing 707
Remove ads

Boeing 707 var det første kommersielle jetflyet til Boeing. Prototypen, med kjælenamnet Dash 80, fauk jomfruturen den 15. juli 1954 som Model 367-80. Flyet vart drive fram med fire Pratt & Whitney JT3 jetmotorar.

Kjappe fakta Informasjon, Spesifikasjonar ...

Den første kommersielle flyginga vart gjennomført av Pan-Am 26. oktober 1958 med opninga av ei transatlantisk jetrute frå New York til Paris.

Gjennom fleire oppgraderingar, mellom anna ei vidareutvikling av motorane, vart etter kvart rekkevidda til flya lengre. Flyet vart produsert i 1 010 eksemplar fram til 1991.

Remove ads

Modellar

  • 707-120 originalen
  • 720 kortare og lettare versjon, opphavleg rekna som mellomdistanse-fly.
  • 707-320 lenger, raskare og større rekkevidd. Med rekkevidd på cirka 6 000 km med 141 seter, vart dette den første verkelege interkontinentale utgåva av flyet.

Air Force One

Tre spesialbygde 707-120 og to spesialbygde 707-320B vart levert til det amerikanske forsvaret for å fly regjeringsmedlemmar. Dei to sistnemnte vart nytta til å fly presidenten som Air Force One. I 1990 vart alle fem flya erstatta av to spesialbygde Boeing 747.

Remove ads

Spesifikasjonar

Thumb
Boeing 707
Thumb
Boeing 720
Thumb
VC-137-1 Air Force One.
Thumb
John Travolta sitt private Boeing 707.
Meir informasjon 707-020, 707-120B ...
Remove ads

Leveringar

 1994   1993   1992   1991   1990   1989   1988   1987   1986   1985   1984   1983   1982 
1 0 5 14 4 5 0 9 4 3 8 8 8
 1981   1980   1979   1978   1977   1976   1975   1974   1973   1972   1971   1970   1969 
2 3 6 13 8 9 7 21 11 4 10 19 59
 1968   1967   1966   1965   1964   1963   1962   1961   1960   1959   1958   1957   1956 
111 118 83 61 38 34 68 80 91 77 8 0 0

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Boeing 707


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads