Bog of Allen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bog of Allen
Remove ads

Bog of Allen eller Móin Alúine (irsk) er ei stor torvmyr sentralt på øya Irland, mellom elvane Liffey og Shannon. Myra har ein flatevidd på 958 km², og strekkjer seg inn i grevskapene Offaly, Kildare, Laois og WestmeathIrland. Dei store kanalane Grand Canal og Royal Canal går gjennom Bog of Allen.

Kjappe fakta Land ...

Irish Peatland Conservation Council har som oppgåve å verna irsketorvlandskap, og har omtalt myra som «eit viktig område med torvlandskap, like mykje del av den irske kulturarven som Kellsboka». Myra er likevel truga etter hundreår med kommersiell utnytting i landsbrukssamanheng, særleg etter at torvhausting er blitt meir og meir mekanisert og effektivisert. Ein har sett i verk ulike tiltak for å bevara myra og det sårbare økologiske landskapet der.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads