Bonaire
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bonaire (nederlansk uttale boˈnɛːr(ə),[2] papiamento Boneiru, uttalt buˈneiru) er ei øy i Dei små Antillane, nord for kysten av Venezuela, som er under nederlandsk styre.
Bonaire består offisielt av hovudøya Bonaire (288 km²), og den folketomme Klein Bonaire (6 km²). Til saman dekkjer dei eit areal på 294 km². Hovudstaden i Bonaire er Kralendijk.
Tidlegare utgjorde Bonaire ei administrativ eining saman med naboøyane Aruba og Curaçao, men frå og med oppløysinga av Dei nederlandske antillane i 2010[3] er desse tre øyane separate einingar underlagt Nederland.[4]
Saman med Sint Eustatius og Saba utgjer øya Karibisk Nederland.[4][5]
Remove ads
Ordsoge
Namnet «Bonaire» har truleg opphavleg kome frå caquetio-ordet bonay, som tyder 'lågland'. Tidlege spanske og nederlandske kolonisatørar brukte stavemåtar som Bojnaj og Bonaire.[6]

Historie
Menneska har butt på Bonaire heilt sidan ca. 1000 e. Kr, då ein reknar med at Caquetio-indianarane kom i kano frå fastlandet i dagens Venezuela. Ein har funne talrike holemåleri og helleristingar etter dei på øya. Truleg var Caquetio-ane eit høgt folk, for det spanske namnet på Bonaire er las Islas de los Gigantes - øya til kjempene.
Då europearane oppdaga øya ca. år 1500, tok dei dei innfødde til slavar for seg. Utover 1500-talet importerte spanjolane mengder av husdyr til Bonaire. Etter ein langvarig strid mellom Nederland og Spania erobra nederlendarane Bonaire på 1600-talet, og bygde eit fort her i 1639. Bonaire blei heretter ei plantasjeøy, og ein del slavar vart henta hit frå Afrika.
Under Napoleonskrigane tok Storbritannia kontroll over øya, men Nederland fekk henne tilbake i 1814. Busetnaden som i dag er Kralendijk vart grunnlagt av britiske handelsfolk i 1810. Utover 1800-talet vart slavane frigjorte.
Bonaire tente som britisk og amerikansk protektorat under andre verdskrigen, og USA bygde då ei flystripe her, Flamingo internasjonale lufthamn. I etterkrigstida blømte økonomien for øya; her kom eigen klesbutikk, radiostasjonar og auka saltproduksjon. I 1975 vart også eit petroleumsselskap grunnlagt på Bonaire. I dag lever Bonaire i stor grad av turisme.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads