Bonnie Tyler
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bonnie Tyler (fødd Gaynor Hopkins, 8. juni 1951 i Skewen i Wales) er ein britisk popsongar. Ho er kjend for den særprega hese stemma si som ho fekk etter å ha fjerna nokre knutar på stemmebanda. Ho har vunne fleire prisar og har mellom annna vorte nominert til Grammy-prisen tre gonger.
Remove ads
Hits
Bonnie Tyler gav ut sin fyrste singel i 1975. I 1976 gav ho ut hit-en «Lost in France», og ho platedebuterte med The World Starts Tonight i 1977. Året etter kom ho ut med slageren «It's a Heartache» som vart populær både i Noreg og mange andre land. Suksessen til Bonnie Tyler heldt fram utover 1980-åra, då ho gav ut den kanskje aller mest kjende songen hennar, «Total Eclipse of the Heart» i 1983. Andre hits ho har hatt er «Bitterblue», «Fool's Lullaby» og «Sally Comes Around». Tyler sin suksess avtok noko utover 1990-åra, men ho har gjeve ut studioalbum heilt fram til i dag. Albumet Rocks and Honey frå 2013 har vorte hennar sekstande studioalbum.
Remove ads
Eurovision
Den sjuande mars vart det kunngjort at Bonnie Tyler vart sendt for å representera Storbritannia i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö. Tyler vart utvald av ein intern BBC-jury, slik Engelbert Humperdinck vart utvald på same måten til Eurovision i Baku året før. Bonnie Tyler vil då framføra balladen «Believe in Me» i ein alder av 61 år.[1]
Liste over studioalbum
- The World Starts Tonight (1977)
- Natural Force (1978)
- Diamond Cut (1979)
- Goodbye to the Island (1981)
- Faster Than the Speed of Night (1983)
- Secret Dreams and Forbidden Fire (1986)
- Hide Your Heart (1988)
- Bitterblue (1991)
- Angel Heart (1992)
- Silhouette in Red (1993)
- Free Spirit (1995)
- All in One Voice (1999)
- Heart Strings (2003)
- Simply Believe (2004)
- Wings (2005)
- Rocks and Honey (2013)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads