Border Song
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Border Song» er ein gospelballade av Elton John med tekst skriven av Bernie Taupin. Songen vart gjeven ut på albumet Elton John, og våren 1970 som den første singelen frå albumet. Singelen gjorde det dårleg i Storbritannia og vart gjeven ut i Nord-Amerika nokre månader seinare. Der gjorde han det betre, særleg i Canada der han nådde 34. plass.[1] Dette var første gongen Elton John fekk ein av singlane sine inn på ei singelliste.
«Border Song» var òg den første songen til John som gjekk inn på lista i USA og nådde 92. plass.
Remove ads
Andre versjonar
Hyllestalbumet frå 1991, Two Rooms: Celebrating the Songs of Elton John & Bernie Taupin, inneheld ein versjon av songen av Eric Clapton.
I 1996 spelte Sophie B. Hawkins inn songen for filmmusikken til The Associate.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads