Bordet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bordet
Remove ads

Bordet eller Taffelberget (frå latin Mensa) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Utanom stjernebiletet Oktanten, der sørpolen ligg, er dette det mest sørlege stjernebiletet. Det er derfor så godt som ikkje mogeleg å sjå frå den nordlege halvkula. Utanom Oktanten grensar det til Kamelonen, Gullfisken, Den sørlege vasslangen og Flygefisken.

Meir informasjon Latinsk namn, Forkorting ...
Remove ads

Kjende objekt

Thumb
Stjernebiletet Bordet slik det er for det nakne auga.

Stjerner

Bordet har ingen lyssterke stjerner, og Alfa Mensae er den mest lyssterke, berre så vidt synleg med ein storleiksklasse på 5,09. Bordet er derfor det mest lyssvake av alle stjernebileta på himmelen. Alfa Mensae er ei sol-liknande stjerne (klasse G5 V) og ligg 33 lysår frå jorda. Ho vert rekna som ein god kandidat til å ha ei jordliknande planet. Pi Mensae er òg ei sol-liknande stjerne (G1) og ligg 59 lysår unna. Ho har ei stor gasskjempe i bane. Denne kryssar den habitable sonen, noko som utelet at stjerna kan ha ein habitabel planet i omlaup.

Djupromsobjekt

Bordet inneheld delar av Den store magellanske skya (resten ligg i Gullfisken).

dei første bileta teken av Chandra røntgenobservatorium var av PKS 0637-752, ein kvasar i Bordet med store gassjettar som er synleg i både synleg lys og røntgenlys.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads