Himmelkvelving
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Himmelkvelving eller himmelkule er innan astronomi og navigasjon ei tenkt roterande sfære med ein enorm radius med sentrum i auga til observatøren eller midtpunktet i jorda eller sola.

På jorda er himmelkula konsentrisk og koaksial og med jorda som sentrum. Alle himmellekamar kan sjåast som plassert på denne sfæren. Projisering på himmelkvelvinga er eit nyttig verktøy innan navigasjon. Dersom ein kjenner posisjonen til ein himmellekam på himmelkula (vha. nautiske almanakkar) og deretter bestemmer stillinga til himmellekamen i høve til horisonten (vha. ein sekstant), kan ein rekna ut posisjonen til observatøren på jorda. Dette er grunntanken i astronomisk navigasjon.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Himmelkvelving» frå Wikipedia på bokmål, den 9. februar 2011.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads