Borgarkrigstida

From Wikipedia, the free encyclopedia

Borgarkrigstida
Remove ads

Borgarkrigstida eller innbyrdeskrigane er nemningar på kampar om makta i Noreg mellom 1130 og 1240.

Kjappe fakta Dato, Stad ...

Borgarkrigstida kan delast inn i tre fasar:

  1. Sporadiske stridar mellom nær skylde kongsemne, frå 1130 til om lag 1160.
  2. Omfattande kampar mellom ulike kongsemne, om lag 1160 til 1184.
  3. Birkebeinane nedkjempa opposisjonen frå kyrkja og ulike opprørsflokkar, 11841240.

Byrjinga på borgarkrigstida går attende til då Sigurd Jorsalfare døydde i 1130. Makta vart delt mellom tre søner som heldt kvar si hird. Etter lova kunne alle ekte og uekte etterkommarar at kongen bli konge, og nye kongsemne hevda å vera kongssøner, og gjorde krav på kongsnamn. Etter kvart utvikla stridane seg til open strid mellom ulike flokka mellom anna lendmannspartiet, birkebeinane og baglarane. Kong Sverre utrudde dei fleste av lendmennene og konsoliderte makta si, men møtte ny motstand frå kyrkja og erkebiskopen i Nidaros, Øystein Erlendsson. Son til Sverre, Håkon Sverresson, inngjekk forlik med kyrkja, men døydde etter kort tid. Håkon Håkonsson vart vald til konge i 1217 mot kandidatuet til Skule Bårdsson. I 1237 fekk Skule tittelen hertug, men det var ikkje nok til å stagga ambisjonane hans, og i 1239 fekk han gitt seg sjølv kongsnamn på Øyratinget. Skule vart etter kvart drepen av kong Håkon sine menn. Borgarkrigane i Noreg tok så slutt.

Remove ads

Norske kongar og tronkrevjarar i borgarkrigstida

I lista er tronkrevjarane markert med eit ekstra innrykk. Desse vert vanlegvis ikkje rekna med i den norske kongerekkja.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Borgarkrigstida


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads