Sigurd Magnusson

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Sigurd Magnusson (11803. april 1194) var ein norsk tronkrevjar i borgarkrigstida. Sigurd var son av kong Magnus V Erlingsson.

For Sigurd I av Noreg, sjå Sigurd Jorsalfare.
Kjappe fakta

Sigurd vart utropt til konge i 1193 av øyskjegganeHaugating utanfor Tønsberg. Han fall året etter i slaget ved Florvåg. Florvåg ligg på Askøy ved Bergen.

Kong Sverre Sigurdsson og birkebeinane slost mot Sigurd Magnusson og øyskjeggane. Øyskjeggane hadde kringsett Bergen (Bjørgvin), men dei hadde ikkje teke borga Sverresborg. Kong Sverre kom til Gravdal med ei stor flåte, han rodde over til Florvågøya og høyrde kva Sigurd og mennene hans planla. Palmesundag morgon, den 3. april 1194 stod slaget. Kong Sverre vann, men om lag 2500 mann vart drepne i det blodige slaget. Liket av kong Sverre Magnusson lét Sverre visa fram i Bergen. Så vart det gravlagd på Mariakyrkjegarden (dette kan vera ved Mariakyrkja i Bergen).

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads