Borgarleg vigsel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Borgarleg vigsel er ei form for vigsel (inngåing av ekteskap) som blir utført av ein representant for staten,[1] utan medverknad frå eit religiøst trussamfunn eller anna livssynssamfunn. Ein borgarleg vigsel er altså ein livssynsnøytral seremoni og ei rettsleg handling.

Medan vigsel innan eit religiøst trussamfunn kan vera avgrensa til berre å vera for medlemmar av samfunnet, er borgarleg vigsel som regel open for alle som har rett til å inngå ekteskap.[2]
Remove ads
Borgarleg vigsel i Noreg
Fram til 2017 var det notarius publicus, dsv. ein domar, dommarfullmektig eller annan tenestemann i tingretten som utførte borgarlege vigslar. Frå 2018 blei borgarleg vigsel eit kommunalt ansvar. Vigselen kan utførast av ordførarar, varaordførarar og andre kommunalt tilsette eller folkevalde slik som kommunestyret avgjer.[3] Vilkåra for å inngå ekteskap og rettsverknadene av ekteskapsinngåinga i Noreg går fram av Lov om ekteskap frå 1991.
Remove ads
Sjå òg
- Vigsel
- Unitarisk vigsel
- Humanistisk vigsel
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads