Boris Henry

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Boris Henry (fødd 14. desember 1973), sidan 2013 Boris Obergföll, er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Völklingen som i eit tiår fram til 2006 var ein av verdas beste spydkastarar. Han vann bronsemedaljen i øvinga under verdsmeisterskapane 1995 og 2003, samt under EM 2002. Sin personlege rekord på 90,44 meter oppnådde han i 1997 ved eit stemne i Linz.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Boris Henry kasta over 80 meter for fyrste gong i 1993-sesongen, med 84,12 m som aller best. I 1995 auka han sitt personbeste til 88,46 m, dei komande fire sesongane oppnådde han ein årsbeste på 88 meter og lengre. Under VM 1995 i Göteborg sikra han seg bronsemedaljen, deretter enda han opp med plasseringar frå 5 til 7 i dei komande internasjonale meisterskapane. Den 9. juli 1997 kasta Henry 90,44 m då han vann GP-stemnet i Linz i Austerrike, hans livs lengste spydkast. Både i EM 2002 og VM 2003 sikra Henry seg bronsemedaljen i spydkast.

Henry var tysk meister åra 1995, 1997, 1998, 2000, 2003 og 2004. Han pådrog seg ein skulderskade under Sommar-OL 2004 og la opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Boris Henry gifta seg i 2013 med spydkastaren Christina Obergföll og tok då hennar etternamn.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads