Boris og Gleb

From Wikipedia, the free encyclopedia

Boris og Gleb
Remove ads

Boris og Gleb er to russiske helgenar som var søner av den første kristne russiske storfyrsten Vladimir den store. Festdagen deira er 24. juli.[1]

Kjappe fakta Helgendag, Symbol ...

Kort tid etter at far deira døydde i 1015 blei Boris og Gleb drepne av halvbroren sin Svjatopolk. I 1071 blei dei erklært helgenar av den russiske kyrkja, som dei første helgenanen frå Kievriket. Ein la vekt på at dei hadde late seg drepa utan å gjera motstand og dermed etterlikna lidingssoga til Kristus.[1]

Relikviane etter Boris og Gleb var husa i kyrkja i Vysjhorod fram til mongolane invaderte. Mange kyrkjer og kloster i Russland er vigde Boris og Gleb og ber namna deira, til dømes kapellet Boris Gleb like ved grensa til Finnmark.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads