Bourrée i e-moll

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Bourrée i e-moll er eit populært stykke for lutt, den femte satsen frå Suite i e-moll for lutt, BWV 996 (BC L166) komponert av Johann Sebastian Bach. Sjølv om det vart komponert for lutt, kan det spelast på andre strengeinstrument, som gitar, mandola eller mandocello og tangentinstrument, og er særleg kjend blant gitaristar.[1] Tempo i stykket er forholdsvis raskt og glatt, og det vart skriven som ein dans. Det syner kontrasterande kontrapunkt, då stemmene speler midt mot kvarandre.

Kjappe fakta Sjanger, Periode ...
Remove ads

Media

I klassisk musikk

Robert Schumann siterer dei første 14 notane i temaet (transponert til g-moll) i #3 av dei seks Op.60 Fugene på B-A-C-H, der han kombinere det med ein BACH-motivet. Ein finn òg eit ekko av dette i den neste fugen, #4.

I populærkultur

Stykket har vorte spelt av mange musikarar:

  • Paul McCartney har sagt i intervju at songane «Blackbird» og «Jenny Wren» begge var inspirerte av variasjonar av bourréen[2].
  • Bluesrockgruppa Bakerloo gav ut det første arrangementet deira av denne melodien, kalla «Drivin' Bachwards», som singel på Harvest Records (HAR 5004) i juli 1969. Den same innspelinga kom ut på det sjølvtitulerte debutalbumet deira same året.
  • Jethro Tull nytta stykket på albumet deira Stand Up i 1969, berre kalla «Bourée»[3]. Ei utgåve av same song kom òg ut på The Jethro Tull Christmas Album.
  • Led Zeppelin spelte stykket i konsertutgåver av «Heartbreaker»[4].
  • Tenacious D nytta songen i «Rock Your Socks» og «Classico», som vart spelt i Tenacious D in The Pick of Destiny[5].
  • Yngwie Malmsteen har òg nytta stykket i fleire av songane sine på konsertar.[6].
  • Leo Kottke speler «Bouree» på albumet Mudlark.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads