Stand Up av Jethro Tull

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

Stand Up er det andre studioalbumet til det britiske rockebandet Jethro Tull, utgjeve i 1969.

Meir informasjon Jethro Tull-kronologi, Singlar frå ...

Før innspelinga for dette albumet kom i gang, slutta den originale gitaristen Mick Abrahams på grunn av musikalske skilnader mellom han og Ian Anderson. Abrahams ønskte å halde seg til bluesrock, som på debutplata This Was, medan Anderson ønskte å utforske andre sjangrar, som folkrock. Han vart erstatta av gitaristen Martin Barre, som spelte på alle dei seinare Jethro Tull-albuma etter dette.[1] Alt i alt er dette albumet likevel meir forankra i bluesrock enn framtidige Jethro Tull-album.

Stand Up representerer det første albumet der Anderson har full kontroll over musikken og tekstane. Albumet går i ein annan retning enn debutplata og syner påverknader frå keltisk musikk, folkemusikk og klassisk musikk. Særleg har songen «Fat Man» ei uvanleg instrumentering der Ian Anderson spelar mandolin, ein av dei første gangane dette instrumentet vart nytta av eit rockeband. Den instrumentale «Bourée» er ein av dei meir kjende songane til Jethro Tull og er ei jazzaktig omarbeiding av «Bourrée i E-moll» av J.S. Bach.

Albumet gjekk raskt heilt til topps på den britiske albumlista, medan singelen «Living in the Past», som ikkje er med på albumet, nådde tredjeplassen.[2]

Remove ads

Innspeling

Bandet byrja innspelinga av albumet den 17. april 1969 og byrja med «A New Day Yesterday». Dei spelte inn «Back to the Family» og «Fat Man» den 21. april, «Jeffrey Goes to Leicester Square» den 22. april, «Nothing Is Easy» og «Bourée» (alternativ versjon) den 23. april, «Bourée» og «Early in the Morning» (som var uferdig) den 24. april, «Reasons for Waiting» den 26. april, «For a Thousand Mothers» og «We Used to Know» i lag med «Play in Time» (instrumentalt spor) den 1. mai og til slutt «Look into the Sun» den 21. mai. Alle songane vart spelte inn i Morgan Studios i Nord-London, utanom «Bourée» som var spelt inn i Olympic Studios i Sør-London fordi Morgan Studios alt var tinga for 24. april.[3] Den generelle rutinen var at bandet kom i studio kl. 0900 for å arbeide på ein song eller to fram til kl. 16-17.[3] Lydteknikaren Andy Johns prøvde somme nye teknikkar. Til dømes brukte han ein roterande, stereo-endrande gitareffekt på «A New Day Yesterday» ved å svinge ein dyr Neumann U67-mikrofon langs kabelen i store sirklar i studioet.[4] Songen «Bourée» var vanskelegast å spele inn og Anderson og bandet var ikkje nøgde med nokre av opptaka dei hadde gjort. Den endelege versjonen vart seinare sett saman av fleire opptak, med nokre ekstra tøtsj av Anderson.[5][6]

Remove ads

Plateomslag

Utforminga av plateomslaget byrja med ein tur til New Haven i Connecticut under ein konsertturné seint i februar 1969. I lag med produsenten Terry Ellis møtte bandet ein treutskjerar kalla James Grashow som følgde dei i ei veke for å lage ei treutsjering av bandet.[3] Resultatet vart eit dobbeltfalsa plateomslag i tresnitt-stil designa av Grashow, opphavleg forma som ei pop-up-bok, slik at utskjeringane av bandet stod opp. Dette viste til platetittelen, Stand Up. Abumet vann prisen til New Musical Express for beste plateomslag i 1969. Denne utforminga vart ikkje nytta då albumet kom ut på ny i 1973.

Remove ads

Musikalsk stil

Albumet er framleis forankra i blues, som ein kan høyre på opningssporet «A New Day Yesterday». Songen «Fat Man» syner at bandet var interesserte i uvanlege instrument, sidan Ian Anderson speler mandolin som ein av dei første gangane dette instrumentet vart nytta av eit rockebandet. Akustiske stykke, som «Reasons for Waiting», syner at Anderson var inspirert av Roy Harper. Den instrumentale «Bourée» (ein av dei populære konsertstykka til Jethro Tull) er ein jazzaktig omarbeiding av «Bourrée i e-moll» av Johann Sebastian Bach.[1] «Nothing Is Easy» er ein hardrock song med hardtslåande trommer av Clive Bunker og skrikande gitar, som står i kontrast til dei meir fredlege, akustiske songane på albumet.

Ian Anderson har sagt at akkordprogresjonen i «We Used to Know» umedvite vart plukka opp av Eagles då dei turnerte i lag i 1971 eller 1972 og sidan nytta i songen deira «Hotel California».[7] Don Felder, som skreiv musikken for «Hotel California», kom derimot ikkje inn i Eagles før etter 1974. I eit intervju i 2016 sa Anderson at akkordprogresjonen truleg hadde blitt nytta i tidlegare songar òg, og kalla «Hotel California» ein «mykje betre song» enn «We Used to Know».[8]

Tema

Sjølv om Stand Up ikkje er eit konseptalbum har tekstane mange referansar til forholdet han hadde til foreldra sine (eit tema som heldt fram på Benefit), særskild på «Back to the Family» og «For a Thousand Mothers». Ein kan finne observasjonspoesi i songane «Fat Man» og «Jeffrey Goes to Leicester Square». Det vanskelege livet før bandet slo gjennom vart skildra i «We Used to Know».[9]

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Stand Up fekk blanda kritikk då det kom, men har i nyare tid stort sett blitt rosa for produksjonen og musikaliteten.

Meldinga i Rolling Stone i 1969 var ganske positiv og sa «albumet er ikkje særleg sexy, men i si form er det ganske fantastisk» og at «albumet er heller ikkje særskild funky, men det er omhyggeleg utarbeidd (men ikkje sterilt), som krev nøye gjennomlyttingar. På ei tid når mange av dei etablerte stjernene sviktar, er det særskild gledeleg å høyre ei viktig, ny røyst.»[14] Den samtidige meldinga i Disc and Music Echo var mindre positiv. Det rekna det dyre omslaget som «det mest imponerande» ed albumet og at Jethro Tull var eit bra konsertband, men som ikkje klarte å skape noko «musikalsk interessant» med denne plata.[16] Den amerikanske kritikaren Robert Christgau skreiv på ny at han mislikte bandet, men meinte albumet var «greitt nok» i meldinga si i Village Voice.[11]

Ei seinare melding i AllMusic var positiv og sa at bandet «hadde forankra stilen sin» med dette albumet, og at fleire av songane hadde preg av «engelsk folkemusikk» over eit bluesrockfundament.[10] Sean Murphy i PopMatters skreiv at Stand Up var eit «meiningsfylt dokument frå det som viste seg å bli ei overgangstid i rockehistoria... eit dokument skapt i eit kortvarig kunstnarisk vindauge før prog, en etter britisk blues og psykedelisk rock.» Han hylla musikaliteten til musikarane og nemnde dei første døma på «førsteklasses tekstar av Anderson».[12] Record Collector trekte fram korleis «albumet fangar bandet på veg oppover til svimlande høgder, med sjølvtilliten som følgde med gitaristen Martin Barre» og med «ei frisk samling av varierte, men berre sterke komposisjonar».[13]

Remove ads

Ettermæle

Fleire rockestjerner har omtalt Stand Up som favorittalbumet deira, som Eddie Vedder i Pearl Jam,[17] Tom Hamilton i Aerosmith,[18] Joe Bonamassa,[17] og Joe Satriani.[19]

I eit intervju med BraveWords i 2015 valde Anderson ut Stand Up som favoritt-Tull-albumet sitt: «Eg tenkjer at om du verkeleg skulle vri amen min, så ville eg truleg gått attende til 1969 med Stand Up, fordi det var det første albumet mitt med verkeleg original musikk. Det har ein spesiell stad i hjarta mitt.»[17]

Remove ads

Utgjvingar

Albumet kom ut på ny i 1973 på Chrysalis Records.

I 1989 gav MFSL ut ei ommastra utgåve med katalognummer UDCD 524. Heftet som følgde plata hadde med pop-up-utskjeringa av bandet.

I 2001 vart ei digital ommastring av albumet gjeven ut med fire bonusspor.

5. oktober 2010 kom det ut ei luksusutgåve av albumet med seks bonusspor på plate ein og ein ekstra disk med konsertopptak frå Carnegie Hall den 4. november 1970, og ei tredje plate med ein DTS-kringlydmiks. Alt vart miksa av Peter Mew i Abbey Road Studios.

I november 2016 vart albumet igjen gjeven ut i ein plateboks med to CD-ar og ein DVD, kalla Stand Up - The Elevated Edition. Boksen inneheld sjeldne spor og opptak som ikkje var gjevne ut før (som eit alternativt opptak av «Bourée», BBC-opptak og andre radioinnspelingar), inkludert ein ny stereo og ein 5.1-miks av albumet og bonusspora av Steven Wilson. Det inneheld òg konsertopptak frå ein konsert i Sverige i 1969, som òg vart miksa på ny av Wilson. Boksen kom med eit hefte på 112 sider med omtale av kvart spor av Ian Anderson, ei omfattande historie av albumet, sjeldne foto og ein reproduksjon av det originale pop-up-omslaget.[20]

I februar 2017 vart det igjen gjeve ut å ny på ei 180-grams vinylplate med det originale albumet. Òg denne kom med det opphavlegge pop-up-omslaget.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Ian Anderson bortsett frå der andre er nemnde

Side to
Meir informasjon Nr., Tittel ...
  • Kassettutgåva frå 1973 hare same innhald, men har byta om sidene.[21]
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Samlarutgåva frå 2010 (tre plater

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

2016 The Elevated Edition

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Jethro Tull
Produksjon
  • Terry Ellis – produksjon, konsept for omlaget
  • Andy Johnslydteknikar, bassgitar (på spor 5)[9]
  • David Palmer – strykearrangement og dirigent (på spor 9)
  • John Williams – konsept for omslaget
  • James Grashow – kunst

Salslister

Albumet gjekk til topps på den britiske albumlista og selde òg godt i USA, der det nådde 20. plasse. I Noreg (der bandet hadde turnert i lag med Jimi Hendrix), nådde albumet femteplassen.

Meir informasjon År, Liste ...
Meir informasjon År, Singel ...
Remove ads

Salstrofé

Land Organisasjon År Sal
USA RIAA 1972 Gull (+ 500 000)[30]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads