Bowmore

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bowmore
Remove ads

Bowmore (skotsk-gælisk Bogh Mòr) er ein landsby i regionen Argyll and Bute i Skottland. Han har kring 700 innbyggjarar. Han ligg på øya Islay på den skotske vestkysten, og er administrativt sentrum for øya. Bowmore er først og fremst kjent som produksjonsstaden for det kjende skotske single malt-whiskymerket Bowmore.

Kjappe fakta Land, Region ...

Bowmore er ein a planlagd landsby med vide gater i eit rutenett. Han har opphav i ein tidlegare busetnad, Kilarrow, som låg på staden der Islay House ligg no fram til rundt 1770.[1]

I mai 1685 var Kilarrow ein av dei fyrste stadene Argyll's Rising, eller Argyll-oppreisten, tok til under the jarlen av Argyll. Han hadde kome frå Nederlanda for å forsøka å styrta kong James II og VII, utan å lukkast.

Daniel Campbell den yngre byrja bygginga av ein ny landsby i samband med utbetringa av Islay House i 1770, like etter bygginga av den nye Kilarrow Parish Church, med ei uvanleg rund form. Den gamle landsbyen Kilarrow og kyrkja, vigd St. Maelrhuba, blei så rivne, og innbyggjarane flytta til den nye landsbyen Bowmore. Kilarrow gamle kyrkjegard finst framleis på staden der den gamle landsbyen låg.[2]

Bowmore-distilleriet blei verksamt ein gong før 1816, og ligg ved breidda av Loch Indaal.

Remove ads

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads