Brăila

From Wikipedia, the free encyclopedia

Brăilamap
Remove ads

Brăila (/brə'i.la/, bulgarsk Браила, tyrkisk Ibrail) er ein by i Muntenia, aust i Romania. Han er ein hamneby ved Donau og hovudstad i Brăila fylke. Byen har om lag 155 000 innbyggjarar og er den tiande største byen i landet. Han ligg like i nærleiken av Galați, og det er planar om at dei to byane saman med omliggande kommunar skal danne eit sams storbyområde for nedre Donau.

Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...
Remove ads

Historie

Thumb
Brăila på eit postkort frå tidleg på 1900-talet.

Det vart nemnd ein busetnad ved same stad ved Donau kalla Drinago rundt 1350. I greske dokument vart staden referert til som Proilabum eller Proilava, ei gresk tilpassing av det slaviske namnet Brailov. Opphavet til og tydinga av namnet er ukjend.

Som ein kaza, vart byen og det omliggande område kontrollert av Det osmanske riket frå 1538–1540 og fram til 1829. Han vart ein del av Valakia igjen via Akkermankonvensjonen). Osmanarane kalla byen Ibrail eller Ibraila. Den moldaviske fyrsten Stefan den store gjekk til åtak, plyndra og sette byen i brann den 2. februar 1470, under eit hemntokt mot den valakiske fyrsten Radu den rettvise, som hadde alliert seg med osmanarane. Byen vart ein kort periode styrt av Mikael den modige, fyrste av Valakia (1595-1596).

På 1800-talet vart hamna ein av dei tre viktigaste hamnene langs Donau i Valakia. Dei to andre var Turnu og Giurgiu. Den mest velståande perioden i historia til byen var mot slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet då han var ei viktig hamn for handel inn og ut av Romania.

Etter den rumenske revolusjonen i 1989 gjekk dei økonomiske tilhøva i Brăila nedover.

Remove ads

Busetnader

Thumb
Kommunen Brăila innanfor Brăila fylke

Brăila er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:

Meir informasjon Busetnad, Folketal 2011 ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads