Brașov

From Wikipedia, the free encyclopedia

Brașovmap
Remove ads

Brașov (braˈʃov; ungarsk Brassó; tysk Kronstadt; latinsk: Brassovia eller Corona) er ein by i Romania og hovudstaden i Brașov fylke. Han har om lag 250 000 innbyggjarar og er den åttande største byen i etter București, Cluj-Napoca, Timișoara, Iași, Craiova, Constanța og Galați.

Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...

Brașov ligg sentralt i landet, om lag 166 km frå București. Han er omgjeve av Dei sørlege Karpatane og er ein del av regionen Transilvania.

Remove ads

Historie

Thumb
Rådhusplassen i september 2003

Byen vart grunnlagd under namnet Corona (Kronstadt) av ordensbrørne frå Den tyske riddarordenen på byrjinga av 1200-talet, som søraustlegaste tyske by i Siebenbürgen. I 1225 måtte ordensbrørne forlate byen og slo seg ned i Baltikum. Byen var gjennom mange hundreår det kulturelle, andelege og religiøse sentrum for siebenbürgen-saksarane, den tyske folkegruppa i Siebenbürgen, som hadde slått seg ned i området på 1200-talet og utgjorde majoriteten i byen fram til 1800-talet. Byen er òg ein av dei sju festningsbyane som gav namn til Siebenbürgen. På 1200- og 1300-talet gjekk tatarar og tyrkarar stadig til åtak på byen. Så seint som på 1600-talet var byen og regionen gjennom plasseringa si ved grensa til Det osmanske riket. Byen og regionen høyrte sidan mellomalderen til Kongedømet Ungarn og dermed det habsburgske riket (seinare Austerrike-Ungarn). Sidan Trianontraktaten i 1920 har byen vore ein del av Romania. Mellom 1951 og 1961 vart byen kalla Orașul Stalin etter Josef Stalin av det sovjetinnsette kommunistregimet. I 1989 var byen ein av dei første der folk gjorde opprør mot kommunistdiktaturet under den rumenske revolusjonen. I dei siste tiåra har byen hatt ein rumensk majoritet. Det bur derimot framleis ein del ungararar der. Den tyske folkesetnaden har derimot nesten heilt forsvunne på grunn av bortdriving etter den andre verdskrigen og seinare utvandring. I dag er det om lag 1400 tyskarar att i byen.

Remove ads

Attraksjonar

Busetnader

Thumb
Kommunen Brașov (mørkraudt) og storbyområdet (lysraudt) innanfor Brașov fylke

Brașov er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:

Meir informasjon Busetnad, Folketal 2011 ...

Storbyområde

Storbyområdet til Brașov omfattar Brașov og 17 andre kommunar, med eit samla folketal på 412 076.[3][4]

Meir informasjon Kommune, Folketal 2021 ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads