Brahuifolk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Brahuifolk
Remove ads

Brahuifolk (brahui براہوئی, brahui eller brahvi) er ei folkegruppe frå Pakistan som tel rundt 2,2 millionar menneske. Dei fleste av dei bur i Balutsjistan. Det finst også ei lita gruppe brahuifolk som er innfødd i Afghanistan. I tillegg bur mange i utlegd, særleg i land i Midtausten.[1] Brahuifolk snakkar brahui, eit dravidisk språk som ikkje er i slekt med språka i nærområdet, men med språk tala i Sør-India og på Sri Lanka.

Thumb
Brahuifolk i samband med eit møte ved Universitetet i Balutsjistan der eit språkråd for brahui blei skipa.

Dei viktigaste brahuiområda i Balutsjistan ligg mellom Bolanpasset, via Bolanåsane, til Ras Muari ved Arabiahavet.[2][3] Dei er i all hovudsak sunnimuslimar.[4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads