Brahui

From Wikipedia, the free encyclopedia

Brahui
Remove ads

Brahui er eit dravidisk språk som blir snakka i vestre og sørlege sentrale Pakistan, og i nærliggande område i Afghanistan, Iran og Turkmenistan. Dei viktigaste områda der brahui blir tala er i vest og sør i sentrale Pakistan, rundt byane Kalat og Quetta. Det er det einaste dravidiske språket som har kjerneområde utanfor Sør-India eller Sri Lanka. Ved byrjinga av 2000-talet hadde språket over to millionar talarar.

Thumb
Lingvistisk kart over Sør-Asia med dravidiske språk avmerkte. Brahui ligg isolert i nordvest.
Kjappe fakta

Språket blir snakka av brahuifolk. Dei har vore isolerte frå andre dravidisktalande gjennom fleire hundreår, og har opplevd stor påverknad frå andre kulturar. Som resultat har språket mange lånord frå balutsji, sindhi og persisk. Mange talarar er fleirspråklege, og ein god del tidlegare talarar har gått over til å snakka balutsji eller persisk.

Brahui kan skrivast med persisk-arabisk skrift, i nyare tid også med latinske bokstavar, men svært få brahuitalarar er lesekunnige, og under 1 % av dei kan skriva brahui.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads