Brasiltre
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Brasiltre (Caesalpinia echinata) er eit tre i erteblomstfamilien. Det fekk namnet sitt av portugisiske oppdagingsreisande i Sør-Amerika. Namnet stammar i følgje Johan Lange frå malayisk der det er ei nemning på ein annan raud tresort, truleg Sappantreet (Caesalpinia sappan) i same slekt. Heimlandet til brasiltreet, Brasil, er oppkalla etter treet. Brasiltre er også kjent som Pau-Brasil eller Pau-de-Pernambuco.
Arten veks aust i Brasil, der det inngår i lauvfellande skogar på sedimentbergartar, ofte som «mata taboleiro» (høgsletteskog). Det er ei høgtliggande form av kystskogen «mata seca», dvs. eit tørt landskap på frittliggande kalk.
Den raude veden til planta har vore brukt som eit etterspurt fargestoff. I dag er arten utryddingstruga.
Remove ads
Kjelder
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
- Bilete av brasiltreet Arkivert 2006-02-07 ved Wayback Machine. (engelsk tekst)
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
