Malayisk

austronesisk språk From Wikipedia, the free encyclopedia

Malayisk
Remove ads

Malayisk (Bahasa Melayu eller Bahasa Malaysia) er eit malayo-polynesisk språk. Malayisk er særs likt indonesisk, lokalt kjent som Bahasa Indonesia, det offisielle språket i Indonesia. Den offisielle standarden for malayisk, som Indonesia, Malaysia og Brunei har vorte samde om, er den varianten som blir snakka på Riau-øya rett sør for Singapore, som lenge har vore sett på som det malayiske språket sin årestad.

Kjappe fakta
Remove ads

Utbreiing

Malayisk er brukt som morsmål av malayane i Malaysia, søre delar av Thailand, Filippinene, Singapore, sentrale austre Sumatra, Riau-øyane og delar av Borneos kyst. Det er offisielt språk i Malaysia, Brunei og Singapore. Det blir òg nytta som arbeidsspråk i Austtimor.

I Malaysia blir det òg nytta som lingua franca for andre folkegrupper, blant dei kinesarar og indarar.

Som morsmål og andrespråk blir malayisk tala av 200-300 millionar menneske.

Remove ads

Skrift

Malayisk blir vanlegvis skrive med latinsk alfabet, men ein modifisert variant av det arabiske alfabetet, kalla jawi, finst òg.

Grammatikk

Malayisk er eit agglutinerande språk, og nye ord kan formast på tre måtar.

  • Nye ord kan dannast ved å leggje affiks til eit rotord
  • Det er mogleg å lage samansette ord
  • Det er mogleg å lage nye ord ved reduplikasjon, det vil seie repetisjon av ord eller delar av det

Fleirtal blir ofte uttrykt ved hjelp av reduplikasjon, men berre i dei tilfella der det ikkje allereie kjem fram av konteksten.

Ordrekkefølgja er subjekt - verb - objekt. Adjektiv, demonstrativ og eigedomspronomen følgjer det substantivet dei skildrar.

Normering

Dewan Bahasa dan Pustaka («Instituttet for språk og litteratur») er i dag ansvarleg for å koordinere bruken av malayisk språk i Malaysia og Brunei.


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads