Breifjorden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
62°56′31.585″N 8°21′13.424″E Breifjorden er ein fjordarm av Vinjefjorden i Surnadal, Tingvoll og Sunndal kommune på Nordmøre. Fjorden er ei fortsetjing av Halsafjorden og Trongfjorden i nord. Breifjorden er 9,5 km brei, eller lang, og strekkjer seg 5 km frå nord til sør, som er den generelle retninga til heile fjordsystemet.
Fjorden har innløp mellom Aksneset i vest og Båtvikneset i aust og deler seg vidare i fire fjordar. Desse er Hamnesfjorden i nordaust, Surnadalsfjorden i aust, og Stangvikfjorden og Ålvundfjorden i sør. Nesøya utgjer den sørlege grensa til fjorden der Stangvikfjorden (i aust) og Ålvundfjorden (i vest) går på kvar si side av øya. Kjergroneset dannar den austlege grensa til fjorden.
Vest i fjorden ligg grenda Vågbøen i Tingvoll.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads