Hamnesfjorden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hamnesfjorden er ein fjordarm av Breifjorden i Surnadal kommune på Nordmøre. Fjorden strekkjer seg 9 km nordaustover til Bæverfjord i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Bergesvika i vest og Kjergroneset i aust. Dei to smale nesa Solemsøya og Snekkvikneset stikk halvvegs ut i fjorden på nordsida.
Riksveg 65 går langs nordsida av fjorden og her ligg fleire små bruk, medan sørsida er mindre utbygd.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads