Breistein-Valestrandsfossen
ferjesamband i Hordaland From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads

Breistein-Valestrandsfossen er eit ferjesamband på riksveg 567 mellom Valestrandsfossen på Osterøy og Breistein i Åsane i Bergen kommune. Ruta vart starta opp i 1932, og har vore i kontinuerleg drift sidan då. Ferjesambandet vert i dag drive av Osterøy Ferjeselskap med M/F «Ole Bull».
Ruta vart starta opp av av brørne Leif og Karl Håland og vart bilførande i 1934. I dei første 30 åra gjekk enkelte ruteturar innom Ytre Arna, men desse turane fall ut ved årsskiftet 1964-1965. Karl Håland, som dreiv ruta åleine etter at broren døydde i 1963, fekk tidleg på 1970-talet stadig sterkare press frå vegmyndigheitene om å gje frå seg ferjerutekonsesjonen. Det var det nye ferjeselskapet Bergen Nordhordland Rutelag som i staden var tiltenkt konsesjonen.[1] Det selskapet var ei samanslåing av Bergen Nordhordland Trafikklag og Indre Nordhordland Dampbåtlag. BNR tok over drifta av ferjesambandet i 1975.
Sidan 3. oktober 1997 er sambandet vorte drive i konkurranse med Osterøybrua lenger inne i Sørfjorden. BNR fortsette å drive ruta utan statlege subside. Som følgje av manglande inntening, varsla HSD Sjø kort tid etter at de tok over ruta i 2002, at dei ønskte å innstille sambandet. Gjennom aksjeselskapet Osterøy Ferjeselskap, tok ostringane sjølv over drifta av sambandet 1. mai 2004.
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads