Brennmanet
art av brennmanet From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Brennmanet (Cyanea capillata) er ei stor manet som lever nord i Atlanterhavet, Stillehavet og Nordishavet. Ho kan bli opptil 2 meter i diameter, og er det største kjende nesledyret. Dei største eksemplara lever i arktiske strok.[1] Bortsett frå glasmaneta er brennmaneta den vanlegaste maneta i norske farvatn.[2]
Langs norskekysten finst det to arter av brennmanet. I tillegg til den vanlege eller raude brennmaneta finn ein også blå brennmanet (Cyanea lamarckii), helst langs kysten av Sør-Noreg.[2]
Brennmaneta er oftast gul til raud eller brungul i farge, og er utstyrt med lange tentaklar som kan bli over 20 meter lange. På desse har ho nesleceller som inneheld nervegifter som lammar byttedyr.[1]
Brennmaneter lever om lag i eit år.[1] Dei første eksemplara dukkar opp om våren og veks raskt utover sommaren. I juli-august formeirar dei seg, og larvane klekkjer kort tid etter. Desse fester seg til botnen og lever fastsitjande som polyppar. Manetene døyr om hausten og vinteren, men polyppane overlever og slepp ut nye maneter neste vår.[2]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads