Brent jord
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Brent jord er ein norsk spelefilm frå 1969. Filmen er regissert av Knut Andersen og basert på romanen Fimbulvinteren av Sigbjørn Hølmebakk.
- For militærtaktikken, sjå den brende jords taktikk.
Handlinga utspeler seg i Finnmark, hausten 1944. Den tyske okkupasjonsmakta trekkjer seg attende, pressa av Den raude armeen. På vegen sørover svir dei etterkvart av eit landområde like stort som Danmark. Til saman vart om lag 60 000 menneske tvangsflytta og 11 000 bustadhus, 116 skular og 21 sjukehus i tillegg til bruer, kraftverk og kaianlegg øydelagde. Filmen skildrar denne hendinga og konsekvensane for enkeltmenneske og heile samfunn der bygd og by vart lagde øyde.
Filmen hadde premiere 24. februar 1969 på Saga kino og Symra kino i Oslo.
Remove ads
Rolleliste
- Speletid: 101 minutt
- Tilrådd alder: Frå 12 år
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Brent jord ved IMDb
- Brent jord i Norsk filmografi
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads