Brest i Frankrike
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Brest er ein by i regionen Bretagne nordvest i Frankrike, og prefecture (hovudstad) i departementet Finistère. Byen ligg heilt vest i Bretagne, og er ein viktig hamneby og marinebase. Brest har eit folketal på nesten 150 000 innbyggjarar, medan storbyområdet etter ei folketeljing i 1999 hadde 303 484 innbyggjarar.
Remove ads
Historie
Det vart bygd festningsverk rundt militærhamna av Vauban (1633–1707). Under den andre verdskrigen hadde tyskarane ein stor ubåtbase i Brest. Byen vart totaltøydelagd under Slaget ved Brest, berre tre bygningar stod igjen, og byen har sidan vorte bygd opp att. Etter krigen var over måtte den vesttyske regjeringa betale fleire milliardar dollar som kompensasjon til dei heimlause og naudlidande innbyggjarane i byen. Den nybygde byen består stort sett av grå granitt- eller betongbygningar.
Remove ads
Geografi
Brest ligg midt i eit dramatisk landskap nær inngangen til Rade de Brest heilt vest i Bretagne.
Bakgrunnsstoff

- Luftfoto av heile byen
- Interaktivt kart over Brest Arkivert 2006-06-23 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads