Bring

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bring
Remove ads

Bring er eit norsk post- og logistikkselskap med verksemd i og utanfor Norden. Bring blei skipa som eiga merkevare i 2008, og var eit resultat av Posten Norge sin vekststrategi og satsing i den nordiske marknaden, det blei òg lettare å sjå skilnaden på den tradisjonelle postverksemda, som heldt fram under merkenamnet Posten, og godsverksemda innanfor Bring.[1]

Kjappe fakta Org.form, Org.nr. ...
Remove ads

Tenester

Bring har eit nordisk distribusjonsnettverk og internasjonale samarbeidspartnarar som leverer sendingar uansett vekt eller storleik, med bil, båt, fly eller tog til mottakaren i heile verda, inklusiv bod- og ekspressleveransar. Lagerløysingar og transporttenester til oljeservicebransjen er òg ein del av verksemda.[2]

  • Bring Cargo – Nasjonal og internasjonal godstransport med bil, båt, fly eller tog
  • Bring Express – Bod- og ekspressleveransar
  • Bring Frigo – Temperaturregulert logistikk av matvarer
  • Bring Parcels – Pakkedistribusjon
  • Bring Supply Services – Fjerdeparts logistikkløysingar
  • Bring Warehousing – Lagerløysingar for dei fleste typar produkt
  • Bring Mail – Lokal, nasjonal eller nordisk distribusjon av brev, varer og reklame for selskap
  • Bring Citymail – Industriell post for selskapskundar i Sverige
  • Bring Dialog – Kundedialog og CRM
Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads