Bring It On Home to Me

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Bring It On Home to Me» er ein soulsong frå 1962, skriven og spelt inn av R&B-songaren Sam Cooke. Songen, som handlar om utruskap, vart ein hitt for Cooke og har vorte ein popstandard, spelt inn av mange andre artistar i mange forskjellige sjangrar. Songen er ført opp på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll. Med seg på sin versjon har Cooke Lou Rawls som syng korvokal.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen vert av mange historikarar rekna for å vere ein av dei definitive soulsongane, sidan han nyttar ein formel som framleis er særs populær i dag. Eit konsertopptak av songen av Cooke i Miami frå albumet Live at the Harlem Square Club, 1963, er rekna som hans personlege syn på korleis soulmusikk skulle vere.

Singelen hadde «Having a Party» som B-side. B-sida nådde lista først og klatra til 17. plass sommaren 1962, før A-sida klatra til 13. plass seinare på sommaren.

Remove ads

Andre versjonar

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre The Animals, Eddie Floyd, Ben Mills, Lou Rawls, Mickey Gilley, Tab Benoit, The Faces, Wilson Pickett, Otis Redding i lag med Carla Thomas, Paul McCartney, John Lennon, Rod Stewart, Van Morrison, Dixie Chicks, Sonny & Cher, The Von Bondies, Bon Jovi, Britt Daniel, Eddie Floyd og Duffy, Dave Mason, Sister Hazel, The New Standards, Joey Ramone, Jimmy Barnes, Aretha Franklin, Michael Bolton, Delta Spirit, Robson & Jerome, Status Quo og R Kelly.

Remove ads

Lister

Sam Cooke-versjonen

Meir informasjon År, Liste ...

The Animals-versjonen

Meir informasjon År, Liste ...

Eddie Floyd-versjonen

Meir informasjon År, Liste ...

Lou Rawls-versjonen

Meir informasjon År, Liste ...

Mickey Gilley-versjonen

Meir informasjon Liste (1976), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads