Van Morrison

From Wikipedia, the free encyclopedia

Van Morrison
Remove ads

Van Morrison, OBE (fødd 31. august 1945) som George Ivan Morrison) er ein nordirsk songar-låtskrivar og musikar. Han har gjeve ut fleire kritikarroste album, som Astral Weeks og Moondance og konsertalbumet It's Too Late to Stop Now.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Han er blitt kalla «Van the Man» og starta den profesjonelle karrieren sin som tenåring seint i 1950-åra. Han spelte fleire instrument som gitar, munnspel, klaverinstrument og saksofon for forskjellige irske showband, og spelte dei populære hittane på den tida. Han vart kjend i midten av 1960-åra som frontmann i det nordirske R&B-bandet Them, som han spelte inn den klassiske garasjeband-songen «Gloria» med. Solokarrieren hans byrja med pophitten «Brown Eyed Girl» i 1967. Warner Bros. Records kjøpte han ut av kontrakten hans og gav han høve til å spele inn Astral Weeks i 1968.[1] Sjølv om albumet sidan skulle bli hylla, fekk det i starten dårleg kritikk, medan det neste albumet, Moondance, etablerte Morrison som ein stor artist,[2] og gjennom 1970-åra bygde han vidare på ryktet sitt med ei rekkje kritikarroste album og konsertar. Han har òg stundom samarbeidd med andre artistar, som Georgie Fame og The Chieftains.

Mykje av musikken til Morrison er basert på soul og R&B, slik som dei populære songane «Brown Eyed Girl», «Jackie Wilson Said (I'm in Heaven When You Smile)», «Domino» og «Wild Night». Ein stor del av katalogen hans består av lange, laut tilknytte, andeleg inspirerte, musikalske reiser som syner innslag av keltisk musikk, jazz, medvitsstraumstale, slik som Astral Weeks og mindre kjende album som Veedon Fleece og Common One.[3][4] I lag vert desse stundom kalla «keltisk soul».[5]

Morrison har mellom anna vunne Grammy-prisen seks gonger, Brit Award sin pris for «Outstanding Contribution to Music», og han er innlemma i både Rock and Roll Hall of Fame og Songwriters Hall of Fame.

Thumb
Morrison deltok ved fremføringa av The Wall Live in Berlin i 1990 rett etter at Berlinmuren var riven.


Remove ads

Diskografi

  • Blowin' Your Mind! (1967)
  • Astral Weeks (1968)
  • Moondance (1970)
  • His Band and the Street Choir (1970)
  • Tupelo Honey (1971)
  • Saint Dominic's Preview (1972)
  • Hard Nose the Highway (1973)
  • Veedon Fleece (1974)
  • A Period of Transition (1977)
  • Wavelength (1978)
  • Into the Music (1979)
  • Common One (1980)
  • Beautiful Vision (1982)
  • Inarticulate Speech of the Heart (1983)
  • A Sense of Wonder (1985)
  • No Guru, No Method, No Teacher (1986)
  • Poetic Champions Compose (1987)
  • Irish Heartbeat (1988)
  • Avalon Sunset (1989)
  • Enlightenment (1990)
  • Hymns to the Silence (1991)
  • Too Long in Exile (1993)
  • Days Like This (1995)
  • How Long Has This Been Going On (1996)
  • Tell Me Something: The Songs of Mose Allison (1996)
  • The Healing Game (1997)
  • Back on Top (1999)
  • You Win Again (2000)
  • Down the Road (2002)
  • What's Wrong with This Picture? (2003)
  • Magic Time (2005)
  • Pay the Devil (2006)
  • Keep It Simple (2008)
  • Born to Sing: No Plan B (2012)
Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads