Bris
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bris er vind med styrke frå 3,4 m/s (7 knop) til 10,7 m/s (21 knop) målt over ein periode på ti minutt.

Ein har tre graderingar av bris:
- Lett bris: Er vind frå 3,4 m/s til 5,4 m/s (7-10 knop), og nivå 3 på Beaufortskalaen.
- Laber bris: Er vind frå 5,5 m/s til 7,9 m/s (11-16 knop), og nivå 4 på Beaufortskalaen.
- Frisk bris: Er vind frå 8,0 m/s til 10,7 m/s (17-21 knop), og nivå 5 på Beaufortskalaen.
I lett bris byrjar små lauv og kvistar å røre på seg medan frisk bris kan få trea til å byrje og svaie i vinden. På fjellet kan bris kjennast sjenerande, laber bris kan vere ubehageleg når det er kaldt og ved frisk bris byrjar fokksnø å drive langs bakken og sikta vert dårlegare. På sjøen vil ein få små til middels store bølgjer, og ved frisk bris ein god del skum på toppane.
Remove ads
Sjå òg
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads