Beaufortskalaen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Beaufortskalaen er ein empirisk klassifikasjon av vindsnøggleiken. Skalaen vart laga i 1806 av den britiske marineoffiseren sir Francis Beaufort.[1]

Admiral Beaufort baserte skalaen på seglføringa ved bivindsegling (segling med vinden i dei førande kvadrantane) på fullrigga orlogsfartøy tidleg på 1800-talet. Skalaen fekk 13 nivå der 0-4 omfattar farten som fartøyet kan ventast å nå med alle segl sette, 5-9 om den seglsettinga som trengst for å halda på manøvreringsevna i ein stridssituasjon og 10-12 om korleis fartøyet skal handterast for å overleva. Seinare meteorologar (the International Meteorological Committee, 1946) har lagt til trinn 13-17 som òg omfattar dei vindstyrkane som kan oppstå i tropiske orkanar, tornadoar (skypumper) og liknande.

Remove ads

Historie

1800-talet fanst fleire vindskalaer rundt om i verda, og det er nokså tilfeldig at nettopp den Beaufort stod bak har overlevd og blitt ein universell standard. Slumpen blei hjelpt av to oppfinningar og ein vêrkatastrofe.

Beauforts skala blei sett som standard av den britiske marinen i 1838. I 1837 fann Samuel Morse opp telegrafen, og i 1846 kom T. R. Robinson med skål-anemometeret for vindmåling. I slaget ved Sevastopol i 1854 slo så ein overraskande vinterstorm store delar av dei franske og engelske flåtane til pinneved. På bakgrunn av dette såg ein at ein trengde varslingar for plutselege omslag i vêret. Framsynte personar i admiralitetet kopla då saman dei nye eksakte vindmålingane og høvet siffera til Beaufort gav dei til å kunna telegrafera prognosar til flåteeiningane.

På 1900-talet kom skalaen til å bli tolka på ulike måtar i samband med at ein prøvde å omsetja stega hans til ein felles standard med vindfart og meteorologiske nemningar. Dette var eit innvikla arbeid, dels med tanke på ulike eininggsystem og dels ettersom seglsetjinga på orlogsfartøy ikkje lenger var allmenn kunnskap. Gradvis voks ein felles standard fram, og ved midten av 1900-talet hadde dei nye vindstyrkenemningane slått ut Beauforts-sifra i dei fleste samanhenger, bortsett frå i skipsloggbøkene.

Remove ads

Skalaen

Meir informasjon Vindstyrke i beaufort, Vindfart ...

Styrkenemningane og fartsintervalla viser til middelverdien av vinden. Ved instrumentmålingar nyttar ein gjennomsnittet for 10 minutt, og vinden er derfor som regel sterkare i kasta.

Remove ads

Merknadar

  1. Bølgjehøgdene i tabellen viser til høgda bølgjene kan få ved ein viss vindstyrke i løpet av ein periode på om lag 12 timar. Med jamn vind av ein viss styrke i opp til 48 timar kan bølgjehøgda verte 70-100 % høgare, men ikkje høgare enn 19 m frå 30 m/s og oppover.
  2. «Verknad på land» gjeld som regel for område som vanlegvis ikkje vert råka av kraftig vind. I område der slike vindstyrkar oppstår med jamne mellomrom er bygningar og infrastruktur som oftast dimensjonert til å tole slike vindar. Øydeleggingar kan likevel oppstå, særleg i sterk storm og orkan, men ikkje nødvendigvis av stor karakter.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads