Det britiske austindiske kompaniet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Det britiske austindiske kompaniet (engelsk (British) East India Company) var eit handelskompani skipa 31. desember 1600 ved kongeleg konsesjon av dronning Elisabeth I. I løpet av dei neste 250 åra vart selskapet eitt av dei mektigaste føretaka i verda.



Verksemda til selskapet var i hovudsak retta mot India, der det tileigna seg forvaltningsmessige og militære oppgåver.
Perioden som territorialmakt for selskapet på det indiske subkontinentet vert rekna frå slaget ved Plassey i 1757, der Sir Robert Clive tileigna seg retten til å skattleggje det rike Bengal. Sjølv om slaget i seg sjølv var av avgrensa storleik, vert det rekna som starten på ein 100-årsperiode der britane erobra store delar av dagens India, Pakistan og Bangladesh.
Kompaniet opererte som overhovud i India fram til 1858, då staten overtok det formelle ansvaret, etter å ha gradvis påført Kompaniet større grad av statleg kontroll.
Remove ads
Sjå og
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Det britiske Ostindiske kompani» frå Wikipedia på bokmål, den 18. april 2009.
Denne historieartikkelen som har med India og Storbritannia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads