Robert Clive

britisk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Robert Clive
Remove ads

Robert Clive, Baron Clive of Plassey, (fødd 29. september 1725 Styche nær Market Drayton i Shropshire i England, død 22. november 1774 i London) var ein britisk offiser og kolonialist. Han har fått æra for å sikre India og rikdomen som følgde for den britiske krona.[1] Han var ein av dei viktigaste personane i opprettinga av Britisk India.

Thumb
Francis Hayman: Robert Clive and Mir Jafar after the Battle of Plassey, 1757
Kjappe fakta Fødd, Død ...

Han tenestegjorde frå 1743 i India i Det britiske ostindiske kompaniet. Han kjempa mot franskmenn og hollendarar og vann sigrar ved Arcot i 1751, Trichinopoly i 1752 og Biderra 1759, samt over nawaben av Bengal i slaget ved Plassey i 1757.

Han vart etter sigeren i Plassey den første britiske guvernøren i Bengal, men vende i 1760 attende til heimlandet for å få tittelen «Baron Clive of Plassey» der. Han vart så igjen guvernør i Bengal 1765-1767, der han han effektivt stoppa korrupsjon og ineffektivitet. Han vart likevel skulda for ikkje å ha skøytt vervet etter han kom attende til Storbritannia, og tok til slutt livet sitt, sjølv etter at han i 1773 vart reinvaska.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads