Brive-la-Gaillarde
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Brive-la-Gaillarde (oksitansk Briva la Galharda) er ein by og kommune i Frankrike. Han er sous-préfecture i departementet Corrèze og har om lag 50 000 innbyggjarar.
Remove ads
Historie
Sjølv om det har vore busetnadar her sida 1. århundret byrja byen først å vekse på 400-talet rundt ei kyrkje tileigna Saint-Martin-l'Espagnol. På 1100-talet vart det bygd murar rundt byen og under Hundreårskrigen vart enno ein mur bygd. Desse festningane finst ikkje lenger og er erstatta av boulevardar.
Kommunen hadde namnet Brive fram til 1919, då han fekk det nye namnet Brive-la-Gaillarde. Ordet «Gaillarde», som vert nytta i fransk, står sannsynlegvis for mot eller styrke i bynamnet, men kan òg referere til dei gamle bymurane.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads