Brixen
kommune i Italia From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Brixen (tysk), Bressanone (italiensk) eller Porsenù (ladinsk) er ein by og ein kommune i provinsen Bolzano/Sør-Tyrol i den autonome regionen Trentino-Alto Adige i Italia. Kommunen har vel 20 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 84,9 km². Byen ligg ved elva Eisack, 560 meter over havet, om lag 40 kilometer nord for provinshovudstaden Bolzano.
73 % av ibuararane i kommunen har tysk til morsmål, medan 26 % er italiensktalande og 1,34 % har ladinsk til morsmål.
Remove ads
Soge
Frå 500-talet til 1803 var Brixen eit sjølvstendig fyrstebispedømme som eigde store vidder i nærområda til byen, i tillegg til i Pustertal, Aust-Tirol og Krain. Bispedømmet hadde til 900-talet sete i klosteret Säben ved Klausen, nokre kilometer vest for Brixen. Rundt år 960 vart bispesetet flytta til Brixen.
Ymse
Fjellklatraren Reinhold Messner og skirennaren Denise Karbon er begge frå Brixen.

Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads