Brosna

From Wikipedia, the free encyclopedia

Brosna
Remove ads

Brosna (irsk An Bhrosnach) er ei elv i Republikken Irland som renn gjennom County Westmeath og County Offaly.

Kjappe fakta Land, Kjelde ...

Elva har utspring ved Lough Owel nord for Mullingar.[1] Ho er ei av sideelvane til Shannon, som ho munnar ut i ved Shannon Harbour.

Brosna byjar som ei lita elv og renn frå Lough Owel og sørvestover gjennom Mullingar og ut i Lough Ennell. Frå Lough Ennell renn ho gjennom Kilbeggan, der ho framleis gjev kraft til ei mølle ved Brusna distilleri. Brosna held fram sørvestover gjennom Clara. Aust for Ferbane møter ho elva Silver. Frå Ferbane går ho mot Shannon Harbour, nord for Banagher, der ho munnar ut i Shannon.

Remove ads

Fiske

Brosna er ei populær flogefiskeelv og har ein bestand med aure og noko laks og tart.[2] Dei siste åra har derimot forureining ført til lågare fiskebestandar i elva.[3]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads