Brugge
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Brugge (fransk Bruges, tysk Brügge) er hovudstaden i den belgiske provinsen Vest-Flandern, og har omtrent 120 000 innbyggjarar. Byen er katolsk bispesete, og dessutan sete for EU sitt Europa-college. Det bur mange EU-funksjonærar her.
Byen er ein av dei viktigaste landemerka i Europa, sidan byen nesten ikkje har endra seg sidan mellomalderen. Den mellomalderske gamlebyen har derfor sidan 2000 stått på UNESCO si verdsarvliste, og i 2002 var Brugge europeisk kulturhovudstad. Det lokale fotballaget heiter Club Brugge og spelar i den belgiske 1. divisjon.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads