Brunkronepiha

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Brunkronepiha
Remove ads

Brunkronepiha (Lipaugus weberi) er ein sterkt truga fugleart i kotingafamilien som er endemisk for Colombia. Det kjente hekkeområdet er avgrensa til 42 km2 på nordsida av den sentrale fjellkjeda av Andes. Dette er aust for Nechí-dalen, sentralt i Antioquia-departementet. Arten vart oppdaga så seint som i 1999.[1]

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Thumb

Denne pihaen er 24 centimeter i kroppslengd og har kroppsvekt på ca. 72 gram. Fjørdrakta er skifergrå med nøttebrun krone. Brunkronepihaer lever helst i våt skog, gjerne tåkeskog frå 1400 til 1925 moh. Frukt og ved høve òg store virvellause dyr gjer ut for dietten.[1]

Populasjonen er estimert til å ligge i området under 250 individ totalt (år 2014), og er trudd å vere minkande. Verdas naturvernunion har kategorisert arten som kritisk truga, CR.[2]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads